Invitasjon til valkurs og innkalling til valmøte

Arbeidet med Kyrkjevalet 10. og 11. september 2023 er i gong.

Illustrasjonsbilete: Kyrkjerådet

Neste haust er det kyrkjeval, der det skal veljast representantar til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt). Arbeidet med å arrangere valet i Møre i 2023 er i gong.

Valrådet for kyrkjevalet 2023 v/adm. inviterer inn til kurskveld for alle som har ansvar for førebuing og gjennomføring av soknerådsval og val til bispedømmeråd og til kyrkjemøte.

Dei inviterte er medlemmene i sokneråd, prestar i sokneråd og kyrkjeverje/valansvarleg ved kyrkjeverjekontoret. På kurskveldane blir dei viktigaste valreglane presenterte, og ein presenterer tidslinje over fristar og oppgåver som valråd/valstyre lyt halda seg til for førebuing, tilrettelegging og gjennomføring av kyrkjevala.

Innkalling til val av repr. og vararepr. til nominasjonkomite for leke medlemmer til bispedømmeråd

Etter valreglane skal prosten starte nominasjonsarbeidet i kvart prosti og kalle inn leiar/ein repr. frå kvart sokneråd for å gjennomføre val til nominasjonskomite. Soknerådsleiar/eit medlem frå kvart sokneråd blir med dette kalla inn til valmøte. Det skal veljast eit medlem og eit varamedlem frå kvart prosti. Valmøtet blir gjennomført i løpet av kurskvelden. Nominasjonskomiteen består av eit medlem frå kvart prost og eit medlem valt av ungdomsrådet.

Stad og påmelding (både til valkurs og til valmøte)

  • For Romsdalsprostia, 4. januar i Domkirkekjellaren
  • For Nordmørsprostia 5. januar Tingvoll menighetshus
  • For Nordre Sunnmøre prosti, 11. januar. Kyrkjetorget Ørskog
  • For Søre Sunnmøre prosti, 12. januar. SUFH

For alle dagane er tidsromet frå kl. 16.30 (mat), - 20.00. Kursstart 17.15

Påmelding til lokal kyrkjeverje, som melder vidare til kyrkjeverje der kurset er lokalisert, seinast 5 dagar før kursdato. Husk å melde frå om evt. matintoleranse.

Meld også frå dersom du ikkje skal ta del på middag/måltid.

 

Viktige orienteringar

  • Alle sokneråd og undomsrådet blir også med dette utfordra til å sende inn framlegg/forslag på kanidatar til bispedømmeråd.
  • Prestar med røysterett kan fremje forslag på kandidatar til val av geistleg repr.
  • Lek kyrkjeleg tilsett med røysterett kan fremje forslag på kandidat til lek kyrkjeleg tilsett-repr.

Frist for å fremje forslag på kandidatar er 1. febr. Send forslag til more.bdr@kirken.no

  • Prosten er ansvarleg for å setje i gong nominasjonsprosessen for val til geistleg repr. Til bispedømmeråd (valhandbok 8.1/ forskriften §3-1)
  • kyrkjeverje ved prostesete har ansvar for å setje i gong nominasjonsprosessen for val av lek tilsett repr. til bispedømmeråd (valhandbok 8.1/forskriften §3-1)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"